FrodeGrytten
-
Kjøpesenterartistar i alle land! Stå saman og ta over! Fyr opp falsk song! Start vindmaskina! Tre minutts fame i Baku! Måndag ventar Mysen!
about 22 hours ago
via Twitter for iPhone
-
Er i byen i helga, hører gjerne frå deg. Veit jo at eg kalte deg kjerring og feit ku sist, men vonar at det er glømt no. Helsing mann (42).
1:30 AM May 25th
via web
-
Hotelltestar (30) for DN tar jobben med heim, testar bustaden:
Pris: 2
Rom: 1
Mat: 2
Reinhald: 1
Sørvis: 2
Atmosfære: 1
Konklusjon: Flytting
2:38 AM May 24th
via web
-
Etter ei veke i praksis på sjukeheim klikkar det for student (25). Han står på ein stol og skrik: – Stille, gamlisar! Eg treng litt ME TIME!
4:02 AM May 23rd
via web
-
Ønsker deg ein drita dårlig bursdag. Stryk du med, må eg deppe ved di båre, men eg fell ikkje ei einaste tåre. Helsing ho du drog ifrå (30).
1:01 AM May 22nd
via web
-
Dei forsøker Kama Sutra i senga, men han (69) endar hos fastlegen. – Kva skjedde? spør legen. – Kjærleiken er knallhardt arbeid, svarar han.
6:38 AM May 21st
via web
-
Dei ligg i senga og ser fransk film. Ho (25) seier at hovudpersonen liknar ein eks-kjærast. Straks filmen er ferdig, set han (27) på ein ny.
6:40 AM May 20th
via web
-
Utkast til tale for brudgom (29): Kjære G, eg er ingen .. som du veit (eg har hatt mange andre), men … du er (sei noko fint). Takk for brura
8:33 AM May 19th
via web
-
Ho verkar å vere 100% perfekt, heilt fantastisk, ein drøm på 25 år. Det er ho fram til første gong dei elskar saman. Då tar ho til å jodle.
5:40 AM May 18th
via web
-
Korpsdirigent (41) til legevakta. Sannsynlig OD, for mykje You Raise Me Up i brassversjon, miksa med tung trombonesolo. Kritisk, men stabil.
2:32 AM May 17th
via Twitter for iPhone
-
Etter bare eitt års ekteskap flyttar mann (39) og legg igjen ein lapp:
{…} [ ] (…) [ ]
( ) ( ) {…} (…) { }
5:45 AM May 16th
via web
-
Mann (62) har lagd ein mekanisme slik at han kan henge etter beina med hovudet ned mens han ser nyheitene. For ei merkelig verd, tenker han.
2:31 AM May 15th
via web
-
Om bare fuglane var whisky
Om bare kjerringa var Patrice Evra
Om eg bare kunne levere inn levra
På ein måndag morgon i mai
- Man U fan (33)
12:37 AM May 14th
via web
-
Face. Twitter. Skype. Mail. Chat. Blogg. Iphone. 3G. Gowalla. Google+. Og ikkje eitt einaste jækla ord frå verdas kleinaste kjæraste (15).
3:20 AM May 13th
via Twitter for iPhone
-
Rumensk kvinne (40) melder om klar vekst på tiggarmarknaden etter at Michael Tetzschner har vore på tv, spør om mannen kan få eige program.
2:23 AM May 12th
via Twitter for iPhone
-
Mann (55) har oppretta sin eigen tenketank. Andre fredag i månaden inviterer han seg sjølv på frukostmøte. Tema: Kvar står eg, kvar går eg?
4:55 AM May 11th
via web
-
Rakettforskar (39) får sparken grunna kommafeil. Dei andre rakettforskarane i lunsjen: - Trong ikkje vere rakettforskar for å sjå den komme.
8:01 AM May 10th
via web
-
Inga gate oppkalt etter mann (1940-2012), ingen statue, ingen byste, ingen minnemynt. Men eit kulturbygg står her framleis: PÅLS PØLSEBU.
12:33 AM May 9th
via web
-
Ord duger ikkje lenger, så mann (68) bare nynnar: – La la la la la la la. Kona (67) spør: – Kva faen betyr det? Han svarar: – Eg elskar deg.
12:56 AM May 8th
via web
-
Høgre-mann (35) står opp, fiksar frukost, sjekkar blodsukker, pussar tenner, oljar føter, skyl tarm, tar på blådress, går ut i tiggarfri by.
12:05 AM May 7th
via web
|
- Name Frode Grytten
- Location Vassteigen. Verda
- Bio Forfattar.
|